– å leite etter motivet

I 1975, 15 år gamal, stod eg med eit Agfa kompaktkamera i hendene. Det var arvegods frå ein eldre bror. Film og framkalling (for det meste dias) var kostbart og fotograferinga var rangert som hobby nummer tre etter to andre, svært kostbare hobbyar – musikk og musikk.

Bruk av kameraet måtte difor planleggast nøye. Flest mogeleg av dei 24 eller 36 biletrutene måte vera brukbare…
Ingen av bileta som vart tekne med dette kameraet eksisterer i dag. Eg greidde nok aldri å fange den augneblinken som var verd å ta vare på i dei 40 åra som er gått.

Mange kamera seinare (stort sett innanfor Pentax-familien) og titusenvis av eksponeringer seinare, så er det framleis ikkje så mange av bileta som er tekne vare på. Målet med dette web-galleriet er å gjere det lettare for meg å sortere og å ta vare på nokre av dei gode eksponeringene.

Bortsett ein tiårsperiode som journalist, så har fotograferinga vore ein hobby nesten utelukkande for min eigen del. Mange bilete som eg har meint var eineståande, var det berre ein som likte. Underteikna. Såleis er dette galleriet i hovudsak mynta på meg sjølv. Men viss andre finn glede i å bla gjennom bileta mina, så er det sjølvsagt kjekt.

trbjrn